|
KartLeonardo/Poesi-slam
KartLeonardo
KartLeonardo med litterært og musikalsk avspark Er du fotballspelar, fotballsupporter eller høyrer du til dei som på meir kjøleg og rasjonelt vis undrar seg på korleis i alle dager elleve mann som spring etter ein ball kan sette hjarter i brann – ikkje berre hos unge kvinns, men også velvakse karar i alle aldrar og tilstandar? Ta ein tur på bokkafèen på Kjernehuset 10. juli klokka 21. Då får Leonardos Øre besøk av ein meir eller mindre naturalisert drammensar, men som trødde sine barnesandalar i Husnes i Kvinnherad. Mannen har vore blodfan av Brann i 31 år og han imiterer Elvis Presley som ingen annan. Han heter Stig Elvis Furset og er også kjent som villmann på nynorskspeed eller bibliotekaren frå helvete. Men til Gvarv kjem han først og fremst som forfattar av romanen www Den raude veggen (2008), som er den andre boka i ein Brann-trilogi der lesaren følger blodfan og fotballprofet Jeremia gjennom Brann sin 2007 sesong, klubbens første gullsesong sidan 1963. Men dette er ei bok som handlar om meir enn ”berre” fotball. Ein kan kanskje heller si at fotballen er motivet som speilar livet og den betingelseslaus kjærleiken. Også er jo Elvis med da. Leonardos Øre kan love ein kveld for både insidere og outsidere med kortare og lengre hang til dypdykk i fotballens og litteraturens verd. Stig Elvis Furset skal også vere programleiar under poesislammen som begynner kl. 19 Foto: www.brechtfoto.no
Poesislam 2008
10. juli kl. 19 er det igjen klart for skaldekamp på Kjernehuset. Vi satser på at fjorårets deltakerrekord slås når poeter av alle slag og støpninger barker sammen i poetisk kappleik. Finn fram penn og papir og skriv en fantasifull, glad, trist, gal, tøff, grusom, tullete, sur, morosom, søt eller alvorlige tekst av tre minutters varighet. På scenen er det meste av stunt, sjarm og skjemt lov – det gjelder å få publikumsjuryen til å strø sine gylne poeng på akkurat deg! Programleder vil være Stig Elvis Furset, Brannpatriot, forfatter, Elvis-imitator, også kjent som ”bibliotekaren frå helvete”. Vinneren av skaldekampen på Gvarv går videre til regionsfinalen og NM-finalen under Bok i Sentrum Oslo i oktober. Og hovedpremien er en tur for to til poesislammens arnested, Chicago!
Gratis inngang! Mer info: Påmelding: eller: Arr.: Leonardos Øre
|
||
|
|